Quantcast
Channel: Arrangement – Askøy Orienteringslag
Viewing all articles
Browse latest Browse all 114

Hamla Grand Prix og Kompisstafetten

$
0
0

Laurdag 31. mai arrangerte Samnanger IL Hamla Grand Prix, som også var KM ultralang, ved Totræna Vinterpark. Det var 12 påmeldte frå O-laget. I klasse D15-16, som ikkje var KM-klasse, kom Tonje på 3. plass, 7:51 bak vinnaren i den klassen. I klasse D40 hadde o-laget to startende, Lise og Tove. Lise vart best at dei to, og enda på 5. plass, mens Tove enda på 7. plass. I klasse H15-16 kom Andreas på 3.plass. I nybegynnerklassene hadde o-laget fire startende, Kine kom på 2. plass og Jan på 8. i N-open, mens Hege og Jon kom på 1. og 2. plass i N-open lang.

Kompisstafetten

Sundag 1. juni vart Kompisstafetten arrangert same stad som KM dagen før. Etappene bestod av ei N-løype, ei “kort” A-løype, ei C-løype, ei B-løype og ei lang A-løype. Askøy stilte med tre lag, lag 1 bestående av Toril, Tonje, Tora, Tove og Tore, lag 2 bestående av Jon, Gunhild, Britt, Andreas og Rune mens lag 3 berre hadde fire personer, og dei var Hege, Terje, Egil og Lise. Lag 1 sprang først ut av desse tre laga på jaktstarten etter 1. etappe. Men etter 2. etappe var det Terje på 3. laget som kom inn først av desse laga, mens Gunhild var neste og Tonje hadde nokon store bommer, og veksla sist av laga frå Askøy. Etter 3. etappe var stillinga den same. På 4. etappe var fortsatt 3. laget først, men Tove på 1. laget greide å springe seg opp slik at ho var før Andreas ved veksling til 5. etappe. På 5. etappe sprang Tore ut for 1. laget, mens Rune sprang for 2. laget. Tore sprang ein god etappe, og laget enda på 19. plass til slutt. Rune og 2. laget enda til slutt på 24. plass.

DSC_2397
DSC_2407
DSC_2417
DSC_2422
DSC_2432
DSC_2452
DSC_2457
DSC_2467
DSC_2472
DSC_2482
DSC_2492
DSC_2502


Viewing all articles
Browse latest Browse all 114